sunnhordvik.com

Sommartur 2006

Denne sommaren planlegg eg og Miriam å gå på Hardangervidda, i Skarvheimen og i Jotunheimen, litt avhengig av kor langt vi kjem. Dersom nokon har lyst til å slå følgje på delar av turen er det berre til å henga seg på. Vi tek med mobiltelefon (412 19 694), så det går an å senda ein melding og høyra kor langt vi har kome i høve til planen. Og planen, den kjem her:

Dato Mål for dagen Merknadar
18. juni Haukelisæter Vi tek bussen til startstaden
19. juni Hellevassbu 7 timars gange, men kanskje litt seinare i starten
20. juni Litlos 5 timars gange
21. juni Torehytten 5 timars gange
22. juni Hårteigen/Torehytten Dagstur til Hårteigen
23. juni Hedlo 6 timars gange
24. juni Liseth 7 timars gange
25. juni Ein plass sør for Hardangerjøkulen Kanskje 6 timar
26. juni Finse 8 timars gange
27. juni Voss Vi tek toget til Voss for å handla
28. juni Finse Vi tek toget til bake og går kanskje eit stykke
29. juni Geiterygghytta 5 timars gange
30. juni Kongshelleren 4 timars gange
1. juli Iungsdalshytta 5 timars gange
2. juli Bjordalsbu 6 timars gange
3. juli Breidstølen 4 timars gange
4. juli Sulebu 6 timars gange
5. juli Sletningsbu 7 timars gange
6. juli Ingjerdbu 10! timars gange
7. juli Skogdalsbøen 5 timars gange
Fannaråken 5 timars gange
Turtagrø 3 timar

Planen som er gjeve over er berre eit overslag for å gje ein viss peikepinn på kva vi tenkjer oss. Vi tek med oss telt, så sjølv om etappane vert lista opp mellom hytter, vil dette i praksis ikkje vere tilfelle. Dersom det er nokon som vil gå saman med oss, kan vi leggja det opp slik at de kan overnatta på hyttene. For meir informasjon om turer, terreng og hytter, sjå nettsida til turistforeningen. Miriam skal på jobb 8. juli, så skal vi klara å fullføra turen, må vi klara å gå raskare enn det som det vert lagt opp til i planen. Sidan vi tenkjer å kosa oss og slappa av, er det ein viss kjangs for at vi ender turen ved Tyinkrysset (Sulebu).

Karta viser (til venstre) Hardangervidda, (over til høgre) Jotunheimen og (nede til høgre) Skarvheimen. Den liflege grøne stripla linja er meir eller mindre ruta vår. Karta er henta frå turplanleggjaren til turistforeningen.

Tilkomst
Vi reknar med å ta bussen frå Bergen kl 1130 på søndag, som er framme ved Haukelisæter omlag 1630. Neste kontaktpunkt vert ca 24. juni, då vi kryssar riksveg 7 over Hardangervidda. Når vi er på Finse rundt den 28. juni kan ein koma med tog, slik som vi gjer når vi skal til Voss for å handla. Dagen etter er vi ved Geiterygghytta, med tilkomst frå riksveg 50, Aurland - Hol, ved Geiteryggstunnelen. Deretter ligg Breistølen ved riksveg 52, der vi i følgje planen skal kryssa 3. juli. Men på dette tidspunktet, om ikkje før, er det veldig vanskeleg å seia noko om kor langt vi har kome, og i kva grad vi følgjer planen. Dersom vi har kome langt i høve til planen, vil vi kanskje kryssa E16 i nærleiken av Tyinkrysset omtrent då. Dersom du ønskjer å vera med, send ein melding og høyr kor langt vi har kome. Ruteopplysning til buss kan du finna på Nor-way bussekspress og for tog på NSB.

Vi tilrår
Eg skal akta meg for å koma med for mange tilråingar, men eg kan seia kva vi har gjort med tanke på ein del ting. Sidan alt ein tek med må pakkast i éin sekk, ta med minst mogeleg. Eitt skift får halda, og då meiner eg det skiftet ein har på seg. Undertøy kan ein vera lempeleg med. Dei sel forresten ullsokkar til 39 kroner på G-sport på Bystasjonen. Bestikk, koppar og kar til koking, og primus, sjølvsagt, om de kjem mange. Vi har lagt opp til tradisjonelle middagar, men skal prøva ut nokre sorter med frysetørra turmat, eller stridsrasjon. Hugs nok ull. Sillongs og trøye(r). Så kan det vera greitt å ha med noko å kosa seg med. Eg tek snadden, lerko og kanskj ei lita bok. Hugs det aller nødvendigaste av toalettsaker, og kanskje eit handkle. Baberhøvel er gløymesak. Vi har kjøpt nokre poser med biotex, for å gjera gamle undikar til nye, så kan det hende det er ein fordel å ha noko å smøra skoa med. Når det gjeld kart har vi kjøpt store kart i 1:100000. Dette er eit rimelegare alternativ enn den vanlege turkartserien i 1:50000, og det er vel gjerne kilobesparande òg. Men det er jo ein vurderingssak, for alt vert jo mindre på dei. Er det ellers noko, spør nokon andre...

Oppsummering av turen finst på bloggen vår


Denne sida vart sist oppdatert 15. juni 2006